Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

-itjnå som kjem tå se sjøl

Elinor Bolme Torsdag 5. juni 2014

Som teksten i Vømmøl Spellmannslag sin populære song er det viktig å lære seg nemlig dette. Derfor må dei fleste unge fotballspelarane på Søya/Todalen vere med å bidra til turkassa når det er overnattingstur i sikte. Dette vart intet unntak for gutane på G12 laget som allerede neste helg tek turen til Malmefjorden på Romsdalscup. For å få dekt deler av utgigftene til turen må de få inn litt inntekter på forhånd. Og klarer de å få inn litt, er også IL Søya fotballgruppa med på tilnærmet tilsvarende beløp, forhåpentlegvis.

I går kveld stillte derfor gutane opp på Møretre sitt anlegg på Ansnes saga for å være med å rydde til sommaren. Der har dei no skore opp alt tømmeret dei har hatt på lager, og det var i følge ansvarleg Ivar Bolme pågjort med ein runde med kosten for å få ut sagflis og alskes levningar. Laget fekk lovnad på høveleg betaling frå dagleg leiar Hallvard Brusethaug ved Møretre, om dei vart med på jobben ein ettermiddag.

Topp innsats og godt humør gjorde at dei saman med eit tre, fire foreldre gjorde unna jobben på eit par timar. Undervegs fekk dei servert pølser med brød sponsa av Terje Nordvik på Matkroken og is av Ivar. No blir fokuset å finpusse formen fram mot cup, og ei helg med høg sosial faktor.

Under er eit lite bildegalleri frå ein ny generasjon med dugnadskarar. Alle foto ElinorB

Publisert: 5. juni 2014, 05:00