Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Isforr-safari» langs Toåa

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. desember 2019

Plana for dagens luftetur var Litjrundt, men etter tips frå ein halling, vart det i staden rundtur om Hengebrua. Frå Brusetbrua og innover langs Storelva ligg det no store isblokker langs elvbreidda etter isforra som gjekk tidlegare i veka; natt til onsdag?

Isen har samla seg ved Fillipbrua. Foto: Dordi J H

Høge is/snø-kantar, mest som  fjell og  i alle fall minst like høge som fotografen. Foto: Dordi J H

Det er store issamlingar i elva frå Lykkjå og innover mot Ramsøydalane, mest ved Fillipbrua; høge kantar av  isblokker i tettpakka snø. Strødd utover steinane i elva ligg små og store isklumpar til pynt.

Den aller største issamlinga er på Ramøsyholmen; her er  heile området mellom vegen og Storleva dekt av hardpakka snø med små og store isblokker – eit fasinerande syn!

Is og tettpakka snø med lort og rusk i på Ramsøyholmen. Isblokker ligg heilt inn til vegen. Foto: Dordi J H

Hardpakka snøkant på Brusetnessida. Foto: Dordi J H

Inne i Halanesset ser det ut som om isforra har gått inn på vegen, og på Brusetness-sida er heile elvekanten dekt av høge kantar med snø og is.

Inne i Halaneset – her er det fjerna isblokker frå vegen. Foto: Dordi J H

Det må ha vore skikkeleg kraftig isgang i elva denne  gongen!

Så om ein går same tur-runden fleire gonger, så skiftar utrykket i landskap og natur. Biletet nedanfor er teke  i Ramsøydalane  tidlegare denne veka. Elva er ikkje «alltid eins å sjå».

Ramsøydalane måndag 2. desember. Foto: Dordi J H

Ramsøydalane fredag 6. desember – godt med vatn i Storelva. Foto: Dordi J H

På tur utover Haugamyrane var det det mykje far av hjort å sjå på både sider av vegen; ser ut til at hjorten kryssar vegen både jamt og tidt. Ekra mellom vegen og Brusethaugen var delvis hardtrappa av hjorten, og han har forsynt av rundballar som ligg lagra på ekra.

Rundballar på Haugamyrane – er hjorten svolten? Foto: Dordi J H

Publisert: 6. desember 2019, 20:09