Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Isbane på Bordholmen

Isbane på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Måndag 20. desember 2010

Ny fin isbane er laga ved klubbhuset på Bordholmen. Den er ikkje så stor, men den er stor nok både til å lære seg å gå på skeiser og kanskje det kan bli både ishockey og lengdeløp (kortbane i så fall). Knut Bergli, Ivar Helge Kvendset og Dan Roger Pedersen har laga isbane på asfalten aust for klubbhuset, og med dei låge temperaturane vi har hatt den siste tida har det blitt ei skikkeleg isflate.  Det meldes kaldvær også i fortsettinga, så det er berre å sette nye skeiser på ønskelista til jul, for her blir det liv.  Hugs å bruke hjelm, i tilfelle det blir knall og fall i starten!

Publisert: 20. desember 2010, 21:35