Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Is på småbåthamna

Is på småbåthamna

Jon Olav Ørsal Sundag 28. oktober 2012

Snøvêret dei siste dagane i kombinasjon med kaldvêr i natt har gjort at småbåthamna er islagt. Det er meldt kaldvêr dei første dagane, men utover veka skal det bli mildare igjen. Det ligg enno nokre båtar i hamna, men tida er nok koma for å runde av båtsesongen for i år. Asgeir Longva var i full gang med å ta opp båten søndag ettermiddag da Todalen.no var bortom småbåthamna på Kvennset.

yr.no meldes det om nattetemperatur på 3-4 kuldegrader fram til onsdag, medan resten av veka får 6-9 plussgrader.

Publisert: 28. oktober 2012, 15:49