Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til sommarpub på Bryå

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. juli 2024

Laurdag 13. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til sommarpub i Bryå i Bondehuset i Stangvik. Grendalaget har bestilt sol, slik at drikken kan nytast i solveggen på den nye uteservering ved Bondehuset. Her er det flott utsikt utover Stangvikfjorden.

Dersom ein kjem sjøvegen, så er det gjesteparkering i småbåthamna, og derifrå tek det berre fem minut å gå opp til Bryå.

Stangvik Grendalag har alle rettigheiter, så det er 18 års aldersgrense denne kvelden. Sal av snacks, og det er gratis inngang!

Bryå. Foto: Stangvik Grendalag

Betaling med kontantar eller Vipps. 

Stangvik Grendalag ønsker alle velkommen til ein sosial og treveleg kveld!

Følg Stangvik Grendalag på Facebook

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 5. juli 2024, 13:17