Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «haustpub» på Stangvikbryå

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 14. september 2024

Laurdag 5. oktober inviterer Stangvik Grendalag til «haustpub» på Stangvikbryå ved Bondehuset i Stangvik. Grendalaget har tidligare arrangert både «påskepub» og «sommerpub» med stor suksess, så siden det no er tid for oktoberfestar rundt om, dreg de til med «haustpub på Stangvikbryå.

Som tidligare har dei også denne kvelden alle rettigheiter, med nokre nyheiter på menyen. Det blir koseleg lyssetting og pledd for å sitte på eller varme seg på uteserveringa. Så om vêret tillater det blir det altså opa uteservering frå klokka 18:00 – 21:00.

 

Dørene opnar klokka 18:00 og baren er open fram til klokka 02:00. Det er 18 års aldersgrense og gratis inngang!
Betaling med Vipps eller kontantar!

Kommer ein sjøvegen er det gjesteparkering i småbåthamna, og derifrå tek det berre 5 minutt å til Stangvikbryå.

Stangvik Grendalag på Facebook

«Hautpub» på Stangvikbryå laurdag 5. oktober

Stangvik Grendalag ønsker alle velkomne til ein sosial og hyggelig kveld på Stangvikbryå!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 14. september 2024, 13:00