Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til handledag

Jon Olav Ørsal Måndag 26. oktober 2020

Torsdag kveld inviterer Byggmakker Surnadal og Hageland Surnadal til «Handledag» med utvida opningstid til kl 20 om kvelden.  Det har nærast vore tradisjon med «damenes aften» på denne tida, med coronasituasjonen har gjort det naudsynt å tone dette ned til å arrangere ein handledag.  Årets handledag omfattar både Byggmakker og Hageland Surnadal som altså begge har langope denne kvelden. 

Ida Bochkon på Hageland har funne fram nisselua – mykje av julevarene er komne fram og vi kjenner eimen av julestemning i butikken. Dette er rette dagen for å kjøpe eit rimeleg juletre, seier Ida.  Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølvsagt bys det på mange gode tilbud både frå Byggmakker og Hageland denne kvelden. Men all handel skal være trygg, og skjer innafor ei trygg ramme for smittevernhensyn.  Gjeldende regelverk for talet på kundar i lokalet og avstand til kvarander blir prioritert.  Klikk på linkane for annonsane som Hageland og Byggmakker har lagt ut her så finn du massevis av gode tilbod.  

Byggmakker og Hageland inviterer til handledag torsdag – da er det kveldope til kl 20 Foto: Jon Olav Ørsal

Sjå bildegalleriet frå dei to butikkane som no er i ferd med å få julestemninga på plass –  man julesesongen startar for fullt litt ut i november.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

eg

Publisert: 26. oktober 2020, 17:38