Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «felles middag» onsdag 28. august

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. august 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 28. august klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.

Dørene opnar klokka 15:30, og middagen blir servert frå klokka 16:00. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:30.

«Felles middag» kostar kroner 50,- per person over 12 år, medan det for personar under 12 år er gratis. Du kan betale med kontantar eller Vipps.

Påmelding til Gro Hauge Venås på telefon 971 61 071. Du kan også sende SMS, men da må du hugse å skrive antall og alder på dei du melder på. Påmelding seinast tysdag 27. august.

«Felles middag» onsdag 28. august

Kyrkja i Surnadal ønske alle velkommen til «felles middag»!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 23. august 2024, 06:00