Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til dugnad laurdag 10. november

Elinor Bolme Fredag 9. november 2018

Endeleg er første ryddedugnad på Toåa Turst klar. Dugnadsansvarleg Carsten Bohle har sett opp første hogstdag til laurdag 10. november og satsar på fint vêr og godt oppmøte. Plana denne dagen er å hogge mest muleg frå Båthølen og oppover langsmed åkerkanten i Slåttøya i retning Lauvåa, der kor dagens sti enten går inn i skogen eller tek opp til hovedvegen.

Etter som det ikkje er tele i jorda ennå, er dugnadsgjengen avhengig av å ferdast til fots slik at dyrkamarka ikkje blir øydelagt. Derfor blir den første økta kun beståande av hogging og kvistdraging, der trea skal fellast mot åkerkanten slik at dei blir lette å få tak i seinare. Per Åke Jakobsson på Gjeldnes har nemleg inngått avtale om henting av alt trevirke med diameter under 25 cm. Dette til bruk som flis i sauefjøset på garden sin. 

Trevirke over 25 cm i diameter blir det muleg å få gratis for den som vil. Denne kan hentas etter at telen har kommet, om ein ikkje tek trillebåra fatt.

Frå Båthølen og oppover ekerkanten på høgre side skal det ryddast.

Heilt til ein kjem hit, kor stien enten forsvinn inn i skogen, eller fortsett opp til hovudvegen.

Møt derfor opp med med sag, verneutstyr og 

Alle foto: Markus Bolme

Først publisert: 9. november 2018, 05:00 - Sist oppdatert: 8. november 2018, 19:20