Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Inviterer til aktivitetsdag i kyrkja

Inviterer til aktivitetsdag i kyrkja

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2013

Todalsen sokneråd inviterer alle born til aktivitetsdag i kyrkja. Det skjer laurdag 9. mars, i tidsrommet frå kl 12 til ca kl 15 i Todalen kyrkje. Da skal dei lage påskepynt, og pynte kyrkja til påske. I tillegg vil dei fortelje om faste og om påska, og det blir song og sjølvsagt ein matpause.

Alla born er velkomene, og kan gjerne ta med mor eller far, eller ein annan vaksen. Vertskapet er Ildri, Signe, Wenche, Terje og Knut, og dei håpar at mange born tek turen til kyrkja denne dagen.

Publisert: 1. mars 2013, 21:33