Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer borna til juleverksted på Hageland

Jon Olav Ørsal Fredag 7. desember 2018

Hageland ber eit sterkt preg av jul – det er på det aller næraste julehuset no i tida fram til jul. Laurdag 8. desember i tidsrommet 10 til 14 inviterer Hageland borna til å kome på juleverkstad i butikken.  Da kan dei kjøpe ein pose med tilbehør for å lage sin eigen julekrans.  Prisen på posen er kr 99,- og så får borna kyndig hjelp til å lage sin eigen krans som dei kan ta med heim.  Sjølvsagt blir det servert gløgg og så blir det muleg å delta på pepparkakepynting.

Ida Bochkon går ei travel tid i møte, med mykje sammenplantingar og bukettar til jul. Foto: Jon Olav Ørsal

Hageland minner også om at dei før jul har søndagsopen butikk og at du får halv pris på alle nissar fram til og med søndag 9.12.  Det er no full juleutstilling på Hageland, og skikkeleg julestemning i butikken.

Nedafor har vi lagt ut nokre bilder frå julebutikken på Syltøran.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. desember 2018, 17:08