Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant og triveleg tur til Valsøyfjorden

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. juni 2018

Laurdag 9. juni drog Stangvik historielag og Todalen historielag på tur til Valsøyfjorden. Bussen var full, 50 turistar i alt, og mange av turdeltakarane vart rett og slett overraska over kor mykje spennande og interessant vi kunne få sjå og oppleve berre ved å ta ein kort tur til nabokommunen. Guiden vår, Bjørn Fjærli, skal ha mykje av æra for at det vart ein så vellukka dag. Han var kunnskapsrik og flink til å fortelje!

Bjørn Fjærli orienterer om Otnes og Enge. Kjekt at Stangvik historielag og Todalen historielag samarbeider for å få til ein busstur for året. Foto: Dordi J H

Bjørn Fjærli møtte oss på Otnes. Her var det første kommunesenteret i Valsøyfjord kommune, og her var det ein gong i tida to butikkar, post, bank og telefonsentral og stor aktivitet. Etter kvart tok Enge over makta i kommunen. Der var det over 200 industriarbeidsplassar, Enge Bruk (sagbruk) og sliperi som laga tremasse i plater som vart til avispapir i England. Valsøyfjord var politisk ein raud kommune, Tidens Krav skulle alle abonnere på! Frå 1965 vart Valsøyfjord ein del av Halsa kommune.

Otnes skule vart bygd av Lars Otnes i 1875 og var den første fastskulen i gamle Aure kommune. Anne Karin Elstad var elev her og hadde Nils Sivertson Strand som lærar. Foto: Dordi JH

ELSTAD-SENTERET og OTNESBRYGGA

Forfattaren Anne Karin Elstad var fødd på Hestnes i Valsøyfjorden. Den gamle skulestua på Otnes husar no Elstad-utstillinga. Anne Botten Stokke fortalde om forfattaren, presenterte utstillinga og las eit utdrag frå ei av bøkene om Folket på Innhaug. Elstad henta mykje inspirasjon til bøkene sine frå Otnes, Valsøyfjorden og Nordmøre.

I den gamle skulestua som har ei fin Elstad-utstilling. Anne Botten Stokke les. Foto: Dordi J H

Etterpå gjekk turen ned til Otnesbrygga som ligg fint til i Otnesbukta. Her er det ekstremt gode hamneforhold, lite vind,  og om sommaren er det fullt av småbåtar i hamna. Brygga vart bygd i 1897, og her var det butikk fram til 1991.  Halsa historielag eig brygga, ho er no innreia slik som ho var i gamle dagar. Her er det ulike kulturarrangement, sommarope pub og restaurant. Bussturistane vart servert kaffe og gode bakels her.

GEITBÅTMUSEET OG HUSA-SNOTRA

Geitbåtmuseet har 50 tradisjonsbåtar frå Nordmøre på lager, men no er museet under restaurering. Museet skal få nytt tak og det skal innsetjast nye glas, så museet held stengt fram til sommaren 2019. Geitbåten er ein god sjøbåt; han «kliv» bølgene lite lett og elegant som geita kliv i fjellet.

I Husasnotra. Bjørn viser fram emne til bygging av geitbåt. Foto: Dordi J H

Inne i verkstaden til Husasnotra. Foto: Dordi J H

Husasnotra er ein del av «Stiftelsen Geitbåtmuseet». Husa-snotra er eit merkeleg ord, men det er namn til eit verdifullt navigasjonsutstyr som kunne vise vegen heim – «peike heim». Her driv dei med tradisjonshandverk; bygger geitbåtar og set i stand eldre, freda hus. Dei lagar mykje spon til stavkyrkjer, til det treng dei stor furu som dei mellom anna har henta i Øyaskogen i Todalen.

Interessant var det også å høyre at dei samarbeider med NTNU om vidareutdanne tradisjonshandverkarar. Handverkarar under opplæring blir kalla «næmingar».

Her er det spontypar som er leverte til ulike bygg. Legg merke til spona til båthuset ved Themsen er laga av eik. God fururspon er mangelvare, så når spona skulle utanlands, var det ikkje aktuelt å bruke norsk furu. Foto: Dordi J H

VALSØYTUNET

Da var det tid for middag på Valsøytunet. Her var det stor aktivitet og mykje folk. Men leiaren, Magni Strand, tok seg tid til å fortelje om bedrifta. Her starta dei opp i 1996 etter at det vart ny veg over Valsøya. Det er flytta mange gamle tømmerhus hit slik at det no er eit skikkeleg tun og ein heilt spesiell plass. Dei kan servere 70 personar samstundes, og det er tilbod om overnatting i leiligheiter, hytter eller i eiga campingvogn.

Valsøytunet. I «løypestrengen» kan du segle i lufta over tunet. Foto: Dordi J H

Nytt av året er ein populær klatrepark og ein riktig så fin gapahuk. Valsøytunet skal vere ein fin plass for heile familien. Det er stadig nybygging og prosjekt på gang, og sommarsesongen er rimeleg hektisk, kunne Magni fortelje. Ho er altså søster til presten vår, Kristin Strand.

Nytt av året: Klatrepark. Det er populært, men ingen av bussturistane hiva seg ut i luftfart! Foto: Ragnhild A M

Her hoppar du rett ned! Foto: Ragnhild A M

Klar for å ta eit svev. Foto: Ragnhild A M

FJÆRLI TØNNEFABRIKK

Deretter gjekk turen til Fjærlia og tynnefabrikken som starta opp i 1907. Tor Fjærli er drivar no – 4. generasjon. Han driv på hobbybasis, men fabrikken med utstyr er intakt, og han demonstrerte korleis ein slår tynner. Det er hardt arbeid, men artig å sjå! Mange vendingar før det blir ei tynne. Her var det bruka tynneband av metall, med han hadde liggjande tynneband av hassel, også. Han produserer både heiltynne, halvtynne, kvartill og åtting. Det vart ei lærerik og interessant stund her.

Tor Fjærli og Svein Åge Saksen studerer tynnestav. Foto: Dordi J H

Her bruker Fjærli ei skrue for presse stavane saman. Foto: Dordi J H

Siste stopp på turen vart ved bjønnastøtta på Haugaskaret. Her møtte vi Bernt Bøe som fortalde den grusomme og dramatiske historia om Mannbjønnen som drap fem menneske på 1700-talet.

Bern Bøe fortel om mannbjønnen som herja på Nordmøre. Foto: Dordi J H

Tida gjekk så alt for fort – slik er det når det er mykje interessant å oppleve i triveleg selskap. Øystein Moe kjørte bussen trygt og godt. John Moe var flink turleiar, han og Ragnar Halle hadde lagt opp eit flott program for dagen. Mange takk til  Bjørn Fjærli og dei andre i Valsøyfjorden som gjorde dagen så interessant for turfølget.

Fleire bilete frå historielagsturen:

Magni Strand orienterer om Valsøytunet. Foto: Ragnhild A M

Dette fine huset vart kalla ein gapahuk. Det er teikna av arkitektar frå Snøhetta og ligg i tilknyting til klatreparken. Foto: Dordi J H

Nydeleg middag i triveleg rom på Valsøytunet. Foto: Dordi J H

Kaffe og bakels i det som ein gong var butikken på Otnesbrygga. Foto: Dordi J H

Samling i skulstuå på Otnes. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

Publisert: 10. juni 2018, 01:46