Interessant historiedag med bokslepp - Todalen.no

Interessant historiedag med bokslepp

Todalen historielag hadde søndag sitt tradisjonelle bokslepp, der dei presenterte det nye årsskriftet for 2011 og hadde spedd på med kunstutstilling og visning av gamle smalfilmopptak etter Berta og Magnor Haltbakk. Et 60-tals interesserte trossa snøslapsen og kom til ungdomshuset for å sjå og høyre, og  for kjøpe det nye årsskriftet.

Det nye årsskriftet har 86 sider med både gamal og ny todalshistore mellom permane. Årets tema i årsskriftet er lokale kunstnarar frå Todalen. Dei som er portretterte i heftet er Toril og Ingun Redalen, Lisabet Storslett og Margrete Halle Anthonsen. I det høve var det stilt ut maleri, akvarellar og teikningar etter Margrete. Ho er født i Todalen i 1922, og har bodd heile sitt vaksne liv i Oslo, der ho i dag bor på Majorstua. Her svingar ho framleis penselen i ein alder av snart 90 år.

I tillegg var det stor interesse for dei gamle smalfilmopptaka etter Berta og Magnor Haltbakk. Magnor var ein av dei første som hadde filmopptakar i Todalen, og han hadde gjort mange interessante filmopptak i midten av 60-talet. Kan nevna bilturen over Nordmarka på gamle grusvegar, hjorteforing i Østbødalen, snøvinter på Kårvatn og ikkje minst frå konfirmasjonen i Todalen kyrkje i 1964. Det er Anders Talgø som hadde laga og viste eit redigert opptak på 12 minutt. Dette var så interessant for publikum at det vart vist fleire gonger!

I årets hefte finn du også fleire interessante artiklar med varierte tema. Det er om todalingar som rodde fisket til Smøla, korndyrking og mjølmat i gamle dagar, om Øveråsmotoren i Svinvika, og ikkje minst ein fyldig artikkel om Halsetraset som gikk for 50 år sia. Eit 20-tal sider med gamle fotominner er også interessant, og det er presentert som eit galleri bakerst i heftet. Redaksjonskomiteen for heftet har vore: Maren Ansnes, Ragnhild Ansnes Moe, Wenche Ø. Kvendset og Ingri Bruset, og dei fekk mykje skryt for jobben dei har gjort.

Som sagt var det premiere for årsskriftet, og salget gikk unna. Over helga kjem hefta i salg på ICA Todalen. I tillegg vil dei bli lagt ut for salg i bokhandelen i Surnadal og på Joker butikken på Kvenna. Og sjølvsagt får du kjøpt både gamle og nye hefte hos Wendhe Kvendset i Viastua.

Nedafor har vi lagt ut eit fotogalleri fra historielagts arrangement i Todalen Ungdomshus.   Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Medlemmar

Todalen Sanitetsforening
Godt mot, Todalen
Surnadal Sparebank
MPs hjemmebakeri
Norsk Laksefestival
Surnadal Pensjonistlag
Todalen Småbåtforening
ICA Todalen
Norsk Vandrefestival
Vårsøg Hotell
Todalen Sokneråd
Kombi Regnskap
Søya og Todalen Skytterlag
Nordvik Grendalag
Rossåa Settefiskanlegg
Eldremiddagen
Sparebank1 Midt-Norge
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Viastua Gardsprodukt
Surnadal Trenings- og Velværesenter
Surnadal Regnskap AS
Start 4H
Svorka
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Gjensidige Surnadal
Surnadal Lastebil Verksted AS
Todalen Historielag
Surnadal Kulturhus
Driva
Todalen Elveeigarlag
Trollheimsporten
IL Søya
Talgø Møbelfabrikk AS
Skogkompaniet
AMFI Surnadal
AMFI Kreativ
Kårvatn Fjellutstyr
Surnadal Kommune
Todalen Bondelag
Skulstuå i Todalen
Todalen Brygge
Todalen Idrettslag
Todalshytta

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa pÃ¥ tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør