Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant dialektkveld

Dordi Jorunn Halle Onsdag 7. november 2018

Stangvik historielag inviterte til dialektkveld tysdag 6. november på Stangvik skule. Gunnvald Bøe var kveldens kåsør, og han ranga trøyå før han sette i gang! Tittelen på kåseriet var: «Spett og spade, – om dialekt, ord og meining». Gunnvald har stor kunnskap om språk og dialekter; han er flink til å formidle, og publikum vart engasjerte, kom med innspel og stilte mange spørsmål.

«Kvifor heiter det spett?» Jau, ordet tyder at det er noko spisst. «På kinesisk heiter det – lang tung ting -«, sa Gunnvald Bøe med eit lurt smil. Spade/ spøå kjem av: delt/kløyvd trestykke.

Orda er laga ut frå at dei har ei meining. Hav (osean) tyder «det som hevar seg»; «havet» på bytta er bruka til å «heve/lyft opp bytta» . Orda vedskie og ski har same meining – delt/kløvd trestykke. Her vart det ein slik kommentar: «Det må vera langsamt «å stå på ski», før i tida rennte vi på ski.»

Einar Grønnes er leiar i Stangvik historielag. Han ønsket alle velkomne og presenterte Gunnvald Bøe. Foto: Dordi J H

Gunnvald Bøe er bøfjording og er knytta til sjø og fiske, skipsfart. Så naturleg nok kom han inn på fiskenamn: torsk = som skal tørkast, skrei = av skride, kjem som eit skred – i gamle dagar kom skreien i store stimar, altså som eit skred. Kveite = kvit. Han nemnde også eit ord som var vanleg i Bøfjorden, men som mange i salen ikkje hadde høyrt før: «å sjusser». Det tyder å ta overslag, anslå eit tal – det gjorde nok bøfjordingane når dei dreiv med fisk og frakteskuter. Ordet har fransk opphav.

Eit anna ord som er lite bruka no, er «stemnål». «Stem» tyder å stoppe som i utrykket å «stemme blod», altså er ei «stemnål» ei stoppenål.

Vi har lett for å tru at dialektorda våre er lokale og heilt spesielle, men dei aller fleste orda er internasjonale. Ordet «brok» finst mellom anna att i nederlandsk, engelsk, dansk og svensk.

Korleis skal ein skrive dialektorda? I dialekta har vi mange lydar som er uråd å skrive utan lydskrift. Eit typisk ord her er «graut». Det blir ofte skrive «græt», men det blir heilt feil lyd. «Da er det best å skrive nynorsk og seie orda på dialekt,» meinte Gunnvald.

Når det gjeld stadnamn, er utgangspunktet ofte utsjånad. Vi har to kjende fjelltoppar i nærområdet: Indre og Ytre Sulå – dei blir kalla litt forskjellig. Namnet kjem av «ei sule» – «kløft eller vinde til å vikle fiskesnøret på» ; ei sule har to spissar/toppar. Desse to fjella har og vore kalla «Storsulå» og «Litjsulå». Den ytste er «Storsulå». Men da fjella vart kontrollmålte, viste det seg at Indre Sulå var høgast. Da sa ein lykkjebygg: «No e de den høgst så e legst!»

Dialektkvelden var både interessant og triveleg; språk og dialekt er tydeleg noko som engasjerer folk. Gunnvald synest kvelden hadde vore interessant og inspirerande han og, han hadde fått så mange gode innspel og spørsmål som han måtte fundere på vidare.

Kaffepause – det vart tala mest om dialekt, ord og uttrykk. Foto: Dordi J H

Publisert: 7. november 2018, 01:33