Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Inspiserte kraftlina med helikopter

Inspiserte kraftlina med helikopter

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2012

Dersom du lurar på kva helikopteret dreiv og snokra etter i dag, så kan vi røpe den hemmelegheita. Det var nemleg Svorka Energi som inspiserte kraftlinjene, for å sjå om det er skade på linja eller isolatorane, slik at det er naudsynt med reparasjon eller utskifting.  Linjenettet fekk nok hard medfart under vinterstormane, og særleg var det ille under julestormen «Dagmar», da straumen var borte over eit døgn i Todalen.

Kristen Bruset var raskt ute med kamera, og rakk å ta fleire bilder medan helikopteret kontrollerte det nye linjenettet forbi Brusetnesset. Helikopteret skal kontrollere store deler av linjenett til Svorka Energi i løpet av nokre dagar, og dei treng nok bra vær og godt lys for å få gode og sikre bilder for å dokumentere eventuelle feil.

Publisert: 16. august 2012, 20:52