Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inspirasjonskveld 9. september

Elinor Bolme Tysdag 2. september 2014

Bolystprosjektet og Surnadal kommune inviterer alle lag og organisasjonar til det dei har kalla ”påfyllkveld – for ildsjeler” 09.september. Her vil dei frammøtte mellom anna få oppleve eit anbefalt inspirasjonsforedrag av HCMedlien. Det vil og bli gjeve informasjon om søknadsfristar, aktuelle midlar å søkje på mm. Sjå vedlagte invitasjon!

Surnadal kommune oppfordrar sterkt til å prøve å få med flest mogleg frå det enkelte styret på dette, da ein ved å få ei felles oppleving lettare tek med seg tankegodset inn i det daglege arbeidet vidare i organisasjonane.

Sjå plakaten her: Påfyllkveld 9. september og hugs påmeldingsfrist 03.september.

 

Oversikt over lag og organisasjonar:

Ellers arbeider Surnadal kommune fortløpande med å komplettere oversikta over lag og organisasjonar. Denne ligg ligg no på kommunen si heimeside. Finn du feil og manglar må du særs gjerne ta kontakt med Anne Saltrø Polden, slik at dei får korrigert. Kommunen har ikkje ressursar til å halde denne oppdatert 100% gjennom heile året, men vil gjere sitt beste.

Dei har derfor planer om å benytte ein av ungdommane som får årleg tilbod om ”sommarjobb for ungdom” til å oppdatere lista, slik at det blir minimum ein gjennomgang årleg. Det viktigaste er ikkje at den er 100% rett, men at dei skal ha ei oversikt over det meste som finst, og at dei som er oppnemnt som kontaktpersonar kan sette interesserte i kontakt med miljøet og rette vedkommande.

Publisert: 2. september 2014, 07:00