Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innspurt på tømmerdrifta i Lauvålia

Jon Olav Ørsal Måndag 29. juni 2020

Det var hektisk for gjengen frå Sollid Skog som er i full aktivitet med skogsdrift i Lauvålia ovafor Husby.  Vi tok ein tur oppi hogstfeltet måndag, og da var det moderat temperatur på knappe 20 varmegrader, men vi lurte på korleis det var å drive med skogsdrift når det var over 30 varmesgrader i skuggen.  – Men det var ikkje noko problem, for alle maskinene er utstyrt med klimaanlegg, og da bestemmer du temperaturen sjølv. 

Hogstfeltet i Lauvålia ovafor Husby. Dette vises best frå Ørsalhøgda. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi er nok inne i ei tid med høg mekanisering i skogbruket i dag. Dei tre karane frå Sollid Skog er i Lauvålia på oppdrag for Stig Husby i Jostua, og skal ta ut eit par små granfelt med til saman rudnt 1000 m3.  Dei køyrer kvar si maskin – ei hogstmaskin, ein lastbærar og ei gravemaskin.  Gravemaskina lagar veg for hogstmaskina og lastbæraren.  Dermed er det fort gjort å hogge, kappe og transportere tømmeret fram til vegen – slik at det kan hentast med bil og køyrast fram til industrikaia og skipast vidare til mottakar.  Mottakaren i dette tilfellet er Moelven i Namsos, fortalte Roar Sollid. 

Det er ikkje småtteri til maskiner som blir bruka i skogen, og dei representerer store verdiar. Ein ny lastberar kostar fort 3,5 mill. i dag og ein hogstmaskin ytterligare ein million.  Da seier det seg sjølv at drifta lyt være effektiv skal ein få lønsam drift. Maskinene kjøres i dag på eit skift, men dei må medgi at enkelte dagar nok blir litt lange.  Denne veka er det litt hektisk for å bli ferdig med mest muleg av hogginga på Husby, for båten som skal hente tømmeret kjem på torsdag.  Frå helga blir det 3 veker ferie på gjengen – resten av grana på Husby får leve 3 veker til før den blir henta ut av skogen. 

Sollid skog har 6 tilsette – halve mannskapet er altså på jobb i Todalen. Den andre halvparten er i Torvika på jobb, og dei gler seg nok også på 3 veker sommarferie no. Sollid-gjengen håpa berre at ikkje alt godvêret er oppbruka dei siste par vekene.  

Kvar stokk må merkast med leverandørnummer, fortel Roar Sollid. Foto: Jon Olav Ørsal

Gravemaskina og hogstmaskina i aksjon – hogstmaskina tek for 3-4 trær i minuttet – feller, kvistar og kappar i korrekt lengde. Foto: Jon Olav Ørsal

Klar for lasting – her ligg stokkane på rekke og rad, klare for lasting og transport ned til vegen. Foto: Jon Olav Ørsal

Lunch midt i tømmerdungen – godt med ein liten pause innimellom, og da blir det nok ei og anna historia også. Frå venstre Andreas Sande, Roar Sollid og Håvard Engset Solli. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juni 2020, 13:53