Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Innspurt på fabrikkutsalget

Innspurt på fabrikkutsalget

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. juli 2010

På Gammelfabrikken det vore travelde dei siste par vekene medan fabrikkutsalget har pågått. No er det innspurt mot siste salgsdag som er laurdag 17. juli, så dersom du vil nytte feriepengane til ein godbit frå møbelsalget så hastar det!  Fabrikkutsalget av møblar foregår som sagt på Gammelfabrikken i Brusetmarka, og konsernsjef Terje Talgø er godt nøgd med salget, men reknar med ein formiddabel innsport på dei siste par dagane.

Det er Talgø Møbelfabrikk som nyttar høvet til å selge ut prototyper og restar av utgåtte serier på denne måten, og det er stor spennvidde i utvalget som er utstilt i det gamle fabrikklokalet. Her er det både garderobar, bademøblar og spisestuemøblar som selges langt under den prisen vi er vant til å betale.  I tillegg er det også høve til å sjå mange nyheter som finnes i dagens kolleksjon, og dei gamle nyoppussa fabrikklokalane er også ei oppleving i seg sjølv.

Det er Gammelfabrikken som dannar basis for planane for Todalsparken som Talgø planlegger.  I desse planane ligg det ei omfattande utbygging av Gamlefabrikken, der første byggetrinn snart er fullført. Terje Talgø seier at både det vellukka fabrikkutsalget og butikkopninga på Kårvatn viser at det går an å få folk til å kome, sjølv om det ikkje er i verdens navle at alt skjer. Gammelfabrikken har den siste tida gjennomgått ei omfattande oppussing i tillegg til nybygget på 600 m2.

Men aller først er det innspurten på fabrikkutsalget som gjeld, og utsalget er ope fram til og med lardag. Alle dagane i tidsromet 10 – 17.

Publisert: 14. juli 2010, 16:24