Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Toåa: Innspurten nærmar seg

Toåa: Innspurten nærmar seg

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. august 2012

Etter ein relativt bra sesong for laksefiske i Toåa, har det den siste veka vore heller svakt fiske både for laks- og sjøaure. Det er bra vassføring i elva, men om det er temperaturen eller om det har andre årsaker strides dei lærde om. Men Erik Greger frå Knatter i Nord-Odal har stått tyrufast i elva, og vi slo av ein prat med han ilaurdag ettermiddag.

Han har fiska i Toåa dei siste 8-9 åra, men er godt kjent på Nordmøre da han også har fiska i andre elvar her dei siste tretti åra. Han likar Toåa veldig bra for flugefiske, men i dag var det markstanga som var på bruk. Hittil i sesong har han teke 2 laksar, og var nok ikkje heilt nøgd med årets sesong. Han hadde forøvrig ein fin laks på kroken for eit par dagar sia, og vart ivrig når han fortalte om den. Han jobba nemleg med laksen eit par timar og var i ferd med å få den på land, da kroken glapp og laksen tok kuten uti elva igjen. Men han konkluderte med at dette er litt av kvardagen for fiskaren.

Erik Greger har bodd mykje på campingplassen når han har vore på Todalen på laksefiske, men på denne turen leiger han på Bruvollen. Der lika han seg godt, og tykte det var greit å ha alle fasilitetar som TV, kjøkken med oppvaskmaskin og ikkje minst dusj når han er er i lengre periodar. For han hadde tekt seg til å være her til fisket er slutt den 15. august.

Han kjører rundt med ein pick-up med ein kasse som er bygd for å tranportere hundar med, og fortalte at hundekjøring var hans fritidsaktivitet om vinteren. Han deltek mellom anna i Femundsløpet og fleire andre løp om vinteren.

Publisert: 4. august 2012, 17:48