Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innhaldsrik tur til Storlidalen og Oppdal

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. juni 2017

Og alle var einige om at det hadde vore ein riktig fin tur, ein triveleg og innhaldsrik dag; – slik kan ein trygt oppsummere historielagsturen til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni.

Bussturen var eit samarbeid mellom Stangvik historielag og Todalen historielag som hadde fått god hjelp av Harald Storli frå Oppdal til å planlegge dagen for bortimot 50 turdeltakarar.

Turfølgjet framfor Hoksengstuggu. Foto: Dordi J H

Harald Storli var medhjelpar på heile Oppdalsturen og hadde sett opp programmet i lag med Ragnar og Jon, desse tre karane hadde lagt ned mykje arbeid for å få til denne interessante dagen. Jon Klatthammer var guide oppover til Lønset. Frå venstre: Ragnar Halle, Harald Storli, Jon Kletthammer og John Moe. Foto: Dordi J H

Alt på Gjøra fekk vi guide om bord i bussen, Jon Kletthammer, som guida oss opp Gråura til Lønset. Han fortalde at folketeljinga frå 1865 viser at det budde 220 personar fordelt på 21 gardsbruk og 23 husmannsplassar på denne strekninga; no bur det  berre 23 personar på same strekninga. I Gråura er det tre vegar: den eldste er kløvstien, så postvegen, kjerreveg, frå 1600-talet og no riksveg 70, bygginga av denne vegen starta i 1867. Gråura har vore og er ei problematisk vegstrekning; her har det gått mange ras enten av snø eller stein og jord. Norges største snøsrasulykke skjedde her 12. februar i 1868, 32 menneske omkom – av dei var 21 vegarbeidarar frå Nord-Gudbrandsdalen og 11 frå bygda. Raset var 1100 meter breitt og i botnen av dalen var snøhøgda i raset 60 meter. Ei stor tragedie, – ved Lønset kirke står det ein minnestein om raset og dei som omkom.

Lønset kirke frå 1863. Her var det dugnad for å skaffe tømmer. Plana var å byggje eit kapell i ein etasje, men det vart drive fram så mykje tømmer at det vart bygd i fleire høgder og med galleri. Foto: Dordi J H

Minnestein for den store snøskredulykka i 1868. På baksida står namn og alder på alle dei omkomne. Foto: Dordi J H

Rett etter at vi har kjørt frå Lønset, såg vi firmanamnet EVI på ein gammel fjøsvegg, der er det skifabrikk! Endre Hals lagar topp moderne ski,mellom anna randonee-ski, ved hjelp av høgtekonologi!

Inngangspartiet på garden Stenboeng – her budde ulykksalige Eli. Foto: Dordi J H

Ved garden Steinboeng var det stopp – her har det vore busetting frå 1500-talet. Guiden fortalde at dei første som kom hit bygde seg gard der kua deira la seg til å kvile for kvelden da dei var på vandring utover mot Storlidalen. Vidare fekk vi høyre den triste historia om Eli Stenboeng som vart dømd til døden i 1731 og halshogd med sverd. Hovudet med det lange,lyse håret vart sett på stake til skrekk og åtvaring. Brotsverket hennar var at ho hadde fødd eit barn i løynd og gravlagt det. Ho vart skulda for å ha drepe barnet, sjølv sa ho at det var dødfødd. På Steinboeng har dei eit intakt, gammalt kvernhus som er i bruk årleg!

Kaffepause i Negard. Foto: Dordi J H

I Storlidalen er det seks gardar: Negard, Utistu, Bortistu, Geilhaugen, Ekra og Austigard. Her er det fine, gamle hus med solbrune vegger og flott natur! I «gamle dagar» var det tett bande mellom folket i Storlidalen og Todalen, ferdselsåra forbi Tovatna og gjennom Gammelseterdalen var mykje brukt. Mellom anna var det vanleg at når slåttonna i Todalen var ferdig, drog ungdommar til Storlidalen for drive onna der.

I Negard Storli var det kaffepause, vertinna Wenche Storli serverte bakels med nydeleg graut attåt! I Negard kombinerer dei gardsdrift og turisme, dei har godt og vel 200 vinterfora sauer. Det nyaste tiltaket er ølbrygging. Fisk frå Tovatna er populær middagsrett. I dag er det Hallvard Storli som driv garden; 9. generasjon i slekta.

Vertinne ved Bortistu Gjestegard gjennom mange år Inger Marie Helmersen i lag med Marit Sanden Søyset ( til høgre). Foto: Dordi J H

Garden Bortistu er frå 1600-talet, her var det matmor frå Todalen i mange år, Magda Aune frå Halsen. Dei har lange tradisjonar med turisme, og gardsspesialiteten er badsturøykt lammelår. I gardstunet er det mange hus, gamle og nye.  I fjøset er det restaurant og i møkkakjellaren er det opphaldsrom. I stabbuet er det museum.

Leif Helmersen fortel om gardsmuseet i Bortistu. Han står her framfor ei korn-no frå 1772. Korn-noa vart nytta til å oppbevare mat. Kornnoa var omtrent halvfull med godt tørka korn og så grov dei maten ned i kornet. Da kunne maten oppbevarast i mange år. Foto: Sven Olav Svinvik

Innloftet frå om lag 1650 – i Bortistu. Ragnhild Nes synest det er mykje å sjå her. Foto: Dordi J H

Ferda vidare gjekk om Oppdal kirke og Raulånna som er eit freda kulturminne – eit viktig eksempel på herrestue og kongeleg overnattingsstad frå 1600-talet.

Raulånna ved Oppdalskyrkja. Her inne var det eksklusive handlaga tapet. Foto: Dordi J H

Neste stopp var Oppdal museum. Her vart vi møtt av ein utruleg engasjert, triveleg og flink dugnadsgjeng som serverte middag og guida oss rundt. Museet vart grunnlagt i 1937, ligg fint til i Fjellkåsa, har ei tomt på vel 30 mål med vel 30 hus og fleire tusen gjenstandar. Det første huset på museet var Bekkastuggu, ei oppstuggu – ein gammel byggemåte som no kjem att i nye hyttebygg. I dag finst det berre tre gamle oppstugguer i landet, denne på Oppdal , ei på Sverresborg og ei på Bygdøy.

Oppdal bygdemuseum – Bekkastuggu som er ei oppstuggu – spesiell byggestil. Foto: Dordi J H

Stabburet til venstre stod opprinneleg på Gravaune på Lønset. Frå 1804 vart det buret bruka til kornlager for Oppdal Bygdemagasin som var starten for Oppdals Sparebank. Til høgre Vindalsstabburet. Foto: Dordi J H

På Oppdal bygdemuseum er det svært mykje spennande og lærerikt å sjå, høyre og oppleve, eit sjeldan fint museum på landsbygda i Norge. Her er det lagt ned uhorveleg mange arbeidstimar på dugnad gjennom 80 år, men så er resultatet imponerande bra! Dette museet kan ikkje beskrivast, det må opplevast! Vi som var der laurdag, vart imponert over det vi såg, men også imponert over kor godt motteke vi vart og kor mykje arbeid museumsgjengen hadde lagt ned for at vi skulle få ein slik fin og interessant dag! Tusen takk!

To av dei dyktige guidane på museet: Øystein Volden og Jon Skorum. Dei hadde mykje interessant å berette og er gode historieforteljarar. Dei er med i museumsgjengen som arbeider på museet kvar tysdag og torsdag.  Foto: Dordi J H

Desse tre laga nydeleg middag med dessert og kaffe til turfølgjet. Frå venstre: Mary Rønning Svisdal, Elin Storli, Aase Anita Midtskog. Foto: Dordi J H

Middagen vart servert i Hoksengstuggu. Foto: Dordi J H

Lydhør forsamling på museet. Foto: Dordi J H

På museet fann vi også Oppdal Telefonsentral. Telefonen til venstre er frå 1883 og den neste er ti år yngre. Foto: Dordi J H

Jon Husby og Jorunn Ørsal arbeidde i unge dagar på sentralen i Todalen, her friskar dei oppatt gamle kunster. Foto: Dordi J H

Keisarskrinet – ein av dei mange skattane på museet. Ein av dei fremste treskjerarane i Norge var Ole O. Moene, han tok ei krone dagen heile livet. Da keisar Wilhelm tinga eit skrin brukte han mellom 30 og 40 dagar og tok like mange kroner for arbeidet. Det vart for billeg for keisaren, han ville ikkje ha skrinet da han trudde det var simpelt arbeid. Ole Moene døydde i 1908. Foto: Dordi J H

Publisert: 19. juni 2017, 01:35