Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Innhaldsrik songkveld

Innhaldsrik songkveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. mars 2011

Onsdag kveld var det songkveld i kyrkja, der eit 60-tals tilhørarar fekk ta del i eit triveleg og innhaldsrikt program. Einy Elgsæther har send oss nokre bilde, og ha fortel at det var ein fin og innhaldsrik kveld. I tillegg til korsong og allsong viste Bernt Bøe ein lysbildedekavalkade frå kyrkjas historie, og det var framføring av kantaten «Visst skal våren komme».

Både Todalskoret og Åsskard kyrkjekor deltok, og det var i tillegg tekstlesing med Torgrim Tunes og vakker solosong med Nora Vetlesæter Bøe. Kvelden var ein kombinasjon av fasteinngang og tredje markering av kyrkjejubileet, samt litt Elias Blix-jubileum, skriv Einy Rendal Elgsæther til slutt i sin e-post til Todalen.no

Som sagt var dette det tredje jubileumsarrangementet i høve 150-årsjubileet til Todalen kyrkje. Målsettinga er at det skal væra eit jubileumsarrangement kvar månat gjennom jubileumsåret 2011.

Publisert: 10. mars 2011, 06:00