Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ingvar  minnes  cruiseskip  på  Todalsfjorden

Ingvar minnes cruiseskip på Todalsfjorden

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. november 2010

I juli hadde vi ei kommentarsak til at Ragnar Halle hadde lansert ein ide om cruisetrafikk på Todalsfjorden som framtidig turistmål i ein artikkel i Driva. Dette var kanskje ikkje så framand ein idè, for det har faktisk vore cruiseskip på Todalsfjorden før. Ingvar Øyen (87) minnes at det var eit engelsk cruiseskip på Todalsfjorden ein gong da han var gutunge. Ingvar er litt usikker på når det var, og namnet på båten, men det var før han begynte på skulen. Sannsynleg vis på slutten av 1920-talet.

Ingvar minnes at han var med ut med robåt for å sjå på skipet, saman med bestefaren Ola Husby (Furuhaugen). Han hugsar at skipet hadde ein englefigur i spydet i fronten.  Herskapet ombord var på land i Todalen, og det vart arrangert «landskamp» i fotball på ballsletta der Bordholmen stadion er bygd seinare. Engelskmennene mangla keeper, men det vart ordna ved at heimelaget lånte ut Magnor Haltbakk til engelskmennene, fortel Ingvar.

Trur du det kan bli aktuelt med cruisetrafikk til Todalsfjorden igjen?
 – Det skal du ikkje sjå bort ifrå, svarar Ingvar. Men det er no allereie eit par fjordspenn der kraftlinene går over fjorden, og kjem det bru over fjorden blir nok den sjansen spolert for alltid!

Har du betre tru på tunnel kanskje?
Ja, eg trur det blir tunnel ein gong. Trur det er ei viktig sak for «oss på indre», slik at det ikkje blir for mykje bakevje her. Trur dei er litt meir frampå «kristiansundingan» for tida, så det spørs om vi blir for seint ute, sluttar Ingvar som er på farten til butikken for å kjøpe seg middagsmat.

Publisert: 27. november 2010, 14:27