Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inga tek med seg familien og kjem heimatt!

Elinor Bolme Fredag 5. juli 2019

Etter fleire år på Byåsen i Trondheim har Inga Husby (23) og sambuaren Markus Andersen (24) no bestemt seg for å busetje seg i Todalen til hausten. Med seg på flyttelasset har dei i tillegg vesle Anea som så vidt har passert 4 månader. Sist helg ordna det seg med husvære,da dei fekk ja på langtidsleie av Skortinn.

Inga veit kva ho går til, som er oppvakse i Todalen på 90-talet. Markus derimot er bygut frå Trondheim, men han gler seg til å flytte på seg. -Ein og anna sjansen må ein ta. Inga flytta til Trondheim til meg, no er det min tur til å flytte til Todalen hennar, smiler han. Fram til 19. september er han lærling i helsearbeidarfaget ved Havstein sjukeheim på Byåsen. Og med ferskt fagbrev håpar han at han skal få seg jobb i Surnadal kommune. -Eg har allereie meldt meg hos einingsleiaren på sjukeheimen, så det blir spennande tider framover, fortel han.

På sikt er det eige nybygd hus som er draumen for dei to ungdommane og vesle Anea. Men i første omgang blir dei å finne i renoverte Skortinn.

Leiar i Todalen Grendalag Bjørn Gunnar Ansnes er storveies fornøgd med at prosjektet «Todalen 2020» ber frukter. -Vi er no i manko for ledige bustader for langtidsleie. Så om det er nokon som har husvere dei kan tenkje seg å leie ut så ta kontakt, seier han. -Sist helg var det ein familie på fire frå Oslo som var på befaring i bygda. Dei fekk med seg Todalsdagen og deltakelse på eitt av knøttelaga, så vi håpar at dei fekk meirsmak av bygda vår!

Publisert: 5. juli 2019, 20:01