Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inga jul uten…

Sondre Halset Måndag 23. desember 2013

Med jula kjem og juleølet, og i god tradisjon skal Todalen Juløltestarlaug foreta smakstesing av fleire ulike sortar juleøl. Årets test var gjennomført i Bud, kystens perle, der ein av laugets medlemmar til dagleg held hus.

Alle dei 33 sortane vart behørig testa, og kriteria var som ved ein fullgod offisiell test i ulike media: sødme, fylde, bitterhet, ettersmak, farge, skum og lukt. Eksternt personale var spesielt hyra inn for anledninga til å pakke inn alle flaskene/boksane som skulle testast, for å sikre at det vart ein blindtest. Sortane omfatta både dei ulike som vi finn i vanlege butikkar, og dei som Vinmonopolet sel. I år hadde vi og fått innslag av fleire heimbryggja lokale sortar frå Bud/Fræna og Moldeområdet.

Ved ankomst fekk vi anledning til ein spasertur rundt fiskeværet Bud i frisk nordvest, før juleøltesten som vanleg starta med årsmøte, der vedtekter og retningslinjer for testen blei gjennomgått. Etter dette fikk medlemmane servert ein betre middag, denne gongen ein utsøkt juletallerken levert frå Bryggjen i Bud.

20131222_001247Årets vinnar vart, til stor overrasking, Borg Juleøl frå Vinmonopolets utsal.

Her er heile testen, rangert etter alle kunstens reglar: Juløltest – rangeringsskjema

Todalen Juløltestarlaug består av Arnstein Moe, Torkjel Ansnes Moe, Michal Heimlund, Sondre Halset, Willy Heimlund og Håvard Halset.

 

Først publisert: 23. desember 2013, 19:40 - Sist oppdatert: 24. desember 2013, 17:03