Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon om HAMOS og Surnadal gjenvinningsstasjon

Dordi Jorunn Halle Onsdag 9. januar 2019

Vi er i starten av eit nytt år, og nye kalendrar blir hengde opp; i alle fall hos dei som likar å ha kalender på veggen og ikkje berre på mobilen. HAMOS har sett opp tømmekalender for 2019, men han kjem ikkje i posten lenger. Kalenderen er no å finne på heimesida til HAMOS. Men viss nokon ønsker seg ei papirutgåve for å henge opp, er det lagt ut tømmekalendrar på Halsbua. Og informasjon om søppelhenting ligg også i aktivitetskalenderen til todalen.no

Foto: Dordi J H

Det er ikkje store endringar frå åra før, onsdag er søppeldag. Restavfall blir henta annakvar veke og blanda papir og plast ein gong i månaden. I dei varmaste månadene – mai, juni, juli og august – er det levering av restavfall kvar veke.

I veka etter påske og pinse er det søppelhenting på torsdag, likeså 2. mai, og siste veka i 2019 er det hentedag fredag 27. desember. Desse opplysingane gjeld tømmerute 83 i Surnadal: Eidet, Stangvik og Todalen.

God merking gjer det lett å levere søppel på rett plass. Foto: Dordi J H

Surnadal gjenvinningsstasjon

Alle typar søppel og avfall som ein ikkje kan sende med søppelbilen, kan ein levere gebyrfritt – altså heilt gratis – på gjenvinningsstasjonen i Surnadal. Gjenvinningstasjonen har adresse Industrivegen 59 i Røtet. Her er det lett å levere søppel, god plass og brukarvennleg;  rundkjøring så ein treng ikkje rygge. I tillegg får ein hjelp av blide karar til sortering og eventuelle tunge løft.

Gjenvinningsstasjonen er open tysdag og onsdag i tida 09.00 – 16.00. Torsdag er opningstida 12.00 – 19.00, og annakvar laurdag (partalsveker) 09.00 – 14.00.

Foto: Dordi J H

Ombruksbua – gi og ta

«Har du noko du ikkje treng lenger og som du tenkjer andre kan ha nytte av? Gi det bort ved å setje det i ombruksbua. Finn du noko du har bruk for? Ver så god, du kan det ta det med deg heim – heilt gratis!»  Ombruksbua ved gjenvinningsstasjonen er populær, her kan ein levere koppar, møblar, sportsutstyr mm, men klede og skor skal gå til Fretex. Det er mottak for Fretex på gjenvinningsstasjonen. Gjenbruk er viktig for å spare miljøet.

Frå ombruksbua. Arkivfoto, Dordi J H

Det er både lettvint og greitt å bruke gjenvinningsstasjonen i Røtet – eit kjempegodt tilbod til innbyggarane i kommunen!

Her finn du heimesida til HAMOS:   

https://www.hamos.no/

Først publisert: 9. januar 2019, 21:41 - Sist oppdatert: 10. januar 2019, 15:40