Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon frå Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. mars 2020

Styret i Todalen sanitetsforening melder:

Alle fellesaktivitetar i Todalen sanitetsforening er avlyste i tida framover.

Dette medfører følgjande:
Strikkekaffeen 21. mars er avlyst.

Medlemsmøtet 14. april er avlyst.

Kløverturen 16. mars er avlyst, og det blir ingen fleire Kløverturar før påske. Men det er lurt å halde forma ved like og ta seg ein tur ut og gå – det er både lov og anbefalt!! 

Sanitetsforeninga vil sende ut ny orientering om når dei ulike aktivitetane startar oppatt. 

Orientering frå Omsorgsberedskapsgruppa

Leiar i Omsorgsberedskapsgruppa, Jorunn Hals Ørsal, melder at omsorgsberedaskapsgruppa i Surnadal kommune er i dialog med Råg Ranes, ansvarleg for beredskap i kommunen. Så langt er situasjoenen i Surnadal grei.

Men viss det blir nødvendig, må dei som er på varslingslistene i Todalen sanitetsforening for omsorgsberedskap, vere klare for innsats etter behov meldt frå Surnadal kommune.

Publisert: 13. mars 2020, 12:00