Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Infokveld om randonee på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. november 2014

Onsdag kveld blir det randonee-kveld på Kårvatn i Todalen. Det er Kårvatn Fjellustyr som inviterer alle Randonee-interesserte til informasjonskveld, og målgruppa er både nye og gamle randonee-entusiastar som lurer på kva dette er for noko. – Vi har intrykk av at mange spekulerer på kva som trengs av utstyr og kva utstyret vil koste, seier Kristian Mossing som er butikksjef ved Kårvatn Fjellutstyr.

Det er ein stor utstyrsjungel, og vi skjønar at den kan være vanskeleg i finne fram i. Men i valet av utstyr legg vi vekt på at folk skal ha glede både av turen opp og ikkje minst turen nedatt. Derfor vil vi både informere folk om kva som finns av utstyr og kva som det er lurt å ta hensyn til når ein skal velgje utstyr. Men vi vil også leggje stor vekt på å fortelje korleis folk kan ferdast trygt i fjellet, og korleis dei skal finne ut kvar det er trygt å gå. Det går mykje på rett utstyr til rett bruk, og vi trur at mange som er litt vaksnare også vil bli overraska over kor stødig du blir på nedturen, dersom du får skikkeleg utstyr.

Kårvatn Fjellutstyr var tidleg ute med satsing på randoneeutstyr, og har derfor skaffa seg ein solid posisjon i markedet. – Vi har vorte ein slags trendsetjar i dette markedet, fortel Kristian Mossing som elles presiserer at det er gratis inngang til infokvelden hos Kårvatn Fjellutstyr i Todalen. Men han set pris på om folk melder seg på til tlf/sms 934 72 964, slik at vi kan passe på at det blir plass til alle. Påmeldingsfristen er tysdag!

KårvatnFjellustyr_0663

Det er ikkje mykje som minner om vinter enno, men det blir nok etter kvart. Foto: Jon Olav Ørsal

Utpå etterjulsvinteren, nærare bestemt 14.-15. februar blir det norgescup i randonee på Kårvatn, fortel Mossing. Det er Todalen idrettslag som er teknisk arrangør, og da kjem mange av norgeseliten til Todalen for å delta. Eit av måla vårt med denne infokvelden er å skape større interesse for denne sporten, slik at vi kan få fleire lokale deltakarar i trimklassen på dette arrangementet.

Laila Kvendset som er dagleg leiar ved Kårvatn Fjellutstyr fortel at det skal skje meir på førjulsvinteren. 29 november blir det arrangert “Julemarknad på gammellåven”, der mange utstillarar frå nærmiljøet både i Todalen og Surnadal er med. Denne dagen blir det også julekortfotografering på Stabburet og kafè på “Butikken på (ny)låven”.

Først publisert: 13. november 2014, 17:43 - Sist oppdatert: 20. november 2014, 08:04