Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Info frå Surnadal folkebibliotek

Elinor Bolme Torsdag 29. november 2018

Vi har fått tilsendt litt oppdatert opplysninngar om aktiviteten ved Surnadal folkebibliotek. På søndag held dei ope i forbindelse med Juletorg på Skei. Etter helga er det delvis stengt for innstallering av ny utlånsstasjon. 

Juletorget søndag 2. desember

Biblioteket vil vere ope mellom kl. 12 og 17. Det vil bli lesestund i 10-15 minutt frå kl. 1230, 1330, 1430 og 1530. Det vil bli servert kaffe, saft og peparkaker. Og: biblioteket har kassert mange bøker i haust som blir lagt ut til sals (kr 10 for vanlege bøker og kr 20 for praktverk). 

Stengt onsdag 5. og torsdag 6. desember

Utlånsstasjonen, som biblioteket har venta på å få installert, vart forseinka og har først kome no. Da det blir mykje elektrikararbeid og andre tilpassingar, blir biblioteket heilt stengt dei to dagane installeringa skal skje – onsdag 5. og torsdag 6. desember.

Småbarnstreff og dataklubb utgår

Sia biblioteket blir heilt stengt onsdag 5. desember, går også andre regelmessige tilbod ut den dagen; dvs. småbarnstreffet og dataklubben.

Meirope bibliotek

Biblioteket vil etter installeringa gi eit tilbod om å bruke biblioteket også utanom dei vanlege opningstidene. Ein vil kome tilbake til meir om dette tilbodet seinare.

 

Publisert: 29. november 2018, 19:05