Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Imponerane SUSrock

Imponerane SUSrock

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. september 2010

Torsdag kveld var siste framsyning av revyen SUSrock. Dermed er 10.-trinnet ved surnadal ungdomsskule i mål med revyprosjektet som dei har jobba med i 7 månader. Til ståande applaus frå den nerast fullsette Storstua i kulturhuset, kunne dei runde av årets revy. Og dei kom jammen frå det med eit produkt dei kan vera stolte av. Det var god underhaldning frå start til mål, og publikum fekk full utteljing både for tid og pengar. Skal ein bruke eit ord, så må det bli «imponerande».

Eit slikt prosjekt tek nok mykje tid for elevane, og det dreg nok med seg ein del kostnader også. Men det gjev mykje att for elevane, både i form av viktig erfaring og ikkje minst at dei lærer seg å samarbeide i praksis. Dette er kanskje noko av den viktigaste lærdommen dei får i løpet av ungdomsskuletida. Derfor bør både kommune og sponsorar stille opp og bidra til at dett kan forsette. Det er snakk om investering i framtida.

Frå Todalen er det 8 elevar som deltok på revyoppsettinga med flott innsats: Jan N. Bruset, Marte Talgø, Andreas Brøndbo, Astrid Longva Kvendset, Ola Talgø, Ola Ansnes, Oda Halle og  Thatianny da Silva.

Publisert: 30. september 2010, 23:00