Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje stille eit sekund heime hos oss…

Jon Olav Ørsal Sundag 9. august 2020

Familien Kvendset har underhalde oss før – sist i Skulstua for eit par-tre år sia. Familien er nemleg ein musikkfamilie med stor M, og da Sigrid Kvendset skulle presentere familien på gårdagens song og musikkmøte så sa ho at det er aldri stille eit sekund heime hos oss.

Frå venstre Hallvard, Bodil og Ålvundfjoringen Daniel Hals. Foto: jon Olav Ørsal

Det har vore ei travel veke for familien Kvendset – far Ingebrigt, mor Randi og borna Sigrid (25), Bodil (20), Hallvard (17) og Alfred (15).  Dei er alle engasjerte i Indre Fosen Frimenigheit, og no har dei hatt ei hektisk møteveke i Sanitetshuset, med teltleir for 12 ungdomar på Bordholmen i tillegg til fritidsbustaden Ljosheim som familien har i Todalen.

Borghild og Eddie Bakke er opprinneleg frå Flekkefjord, men har vore misjonærar i Spania i 23 år. Denne veka har dei vore i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Inviterte gjestar var misjonærane Borghild og Eddie Bakke. Dei har vore 23 år i Spania som misjonærar, og hadde nok mykje erfaring som dei kunne overføre til ungdomane på leiren – dei heldt også ein kort andakt under song- og musikkmøtet. 

Det har vore to møter kvar dag dei 4 dagane som møteserien har pågått.  Med på leiren er ungdomar både frå Fosen og mellom anna frå Ålvundfjorden.
Laurdag kveld var det avslutning, der ungdomane opptredde med song og musikk i Sanitetshuset, og klarte å skape ein triveleg kveld i lag med publikum som var invitert.  

Alfred er solist og mamma Randi akkompagnereer på piano. Foto: Jon Olav Ørsal

Hallvard er dyktig på trekkspell – han framførte «Kveld i Trollheimen» og fikk applaus for den. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 9. august 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 8. august 2020, 19:22