Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje så stor, men arti lell…

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juli 2015

Bjørnar Aasbø fikk laksen på kroken alt etter tredje kast, da han prøvde seg på laksefisket torsdag ettermiddag.  På frivakta frå Rossåa settefisk tok han turen til Båthølen i Toåa, for å prøve slukstanga. Resultatet vart ein svel på 2,855 kg – helt nøyaktig kontrollert vekt av kollega Kjetil Haugen.  Det var nok eit heilt nygått eksemplar, for Bjørnar kunne telje heile 23 lus på fisken.

Lakselus_0196

Nygått – heile 23 lus kunne Bjørnar Aasbø telje på laksen han tok. Foto Jon Olav Ørsal

Dei to er optimistar for sesongen no, etter at det liksom løsna litt med laksefisket.  Bjørnar hadde sett fleire fiskar i Båthølen og trur fisket blir betre når temperaturen etter kvart går opp litt.  No har temperaturen vor3e rundt 4 grader, og det vil være positivt om temperaturen går opp 3-4 grader. Bjørnar hadde fått blod på tann og skulle prøve seg i elva igjen, og kollega Kjetil ville også prøve seg så snart har var ferdig på vakt.

Ellers er det rapportert et par fangstar av laks i Skjorahølen – 4 og 7 kg – dei siste par dagane. Totalt ser det no ut til at også Toåa nyter godt av «trøndereffekten» med auka innsig av laks frå havet dei siste dagane.

Publisert: 2. juli 2015, 18:09