Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ikkje alle festa…

Ikkje alle festa…

Elinor Bolme Laurdag 23. juni 2012

1. festkveld av Laksfestivalen 2012 er unnagjort, men ikkje mange frå vårt omland i 30+ stilte på festen som deltakarar. I år, som i dei fleste år tilbake hadde Todalen IL i lag med Søya IL teke på seg vakthald og billettsalg i festivalområdet til inntekt for klubbane. Til denne jobben krevst omlag 30 frivillige kvar kveld, berre frå Todalen.

Ikkje all verda med festdeltakarar først på kvelden, men det auka på når Stage Dolls entra scena. Dei hadde eit gjenkjenneleg reportuar som fenga både dei yngre og eldre.

Nokre av billettørane på nedre plan. Fint ver og greie festivaldeltakarar gjorde jobben overkommeleg.

IL Søya hadde salg av grillmat utover dei seine nattetimar. Godt med besøk gjorde at det minka i varelageret.

Deler av det frivillige vaktkorpset, med representantar frå begge idrettslag. Tidlegare år har Todalen IL også gått nattevakter i bodområdet. Denne jobben er no outsorca til Bøfjorden IL.

Publisert: 23. juni 2012, 10:52