Ungdomshuset var i kveld nesten fullt av engasjerte todalingar med eit felles mål; å få Todalen til å bli ein enda meir attraktiv plass å bu på enn den allerede er. PT-utvalget ved Jostein Bruset og Jo Gjeldnes gjekk igjennom status på folketalet i bygda dei siste 20-åra, og kunne fort konstatere at det definitivt har gått nedover dei siste åra, men at vi absolutt burde kunne fokusere på vekst og tilflytting i ein snuingsprosess.
Har trua
Men dette er eit lass alle i bygda må dra i lag, og alle bør kanskje for alvor innsjå dette før det blir for seint. Todalen har sidan 1999 redusert befolkningstalet med 96, Nordvik derimot har i same periode auka med 16. Og med ca 40 nye arbeidsplassar i bygda det siste halvåret skulle ein tru at dette kan vera eit vendepunkt for bygda.
Behov for ansatte
Terje Talgø var invitert til å fortejle om Talgø og planane dei har framover. Han viste ein innhaldsrik presentasjon av alle pågåande prosjekt og ikkje minst kva kapasitetar som bedrifta har med sine framtidsvisjonar innan å vidareutvikle seg blant anna innan elementleveransar til boligmarkedet. Elementavdelinga starta i Surnadal og hadde støyskjermar som sin spesialitet før dei utvida til fjøsleveransar. Denne avdelinga vart etter kvart flytta til Todalen, og produserer no for imponerande 80 millionar i året. Men utviklinga og potensialet stoppar ikkje der, kan Terje fortelje. -Vi har mål om å nå ca 300 millionar, men er da avhengig av ulike faktorar til å lykkast. Ein av dei aller viktigaste er kvalifisert arbeidskraft.
Talgø kan ikkje berge alt!
Terje Talgø oppfordra dei frammøtte til å engasjere seg i saka om både å få kommunen til å forplikte seg i boligmangelen som er i bygda og ikkje minst for å få folk til å busette seg her. -Vi er alle ansvarlege for å berge Todalssamfunnet. Han påpeika at Talgø den seinare tid har strekt seg langt i å både oppretthalde og vidareutvikle Talgø i bygda, no må fleire krefter være med å dra vidare.
Nye arbeidsgrupper allerede i gang
Dei framøtte tok ein liten runde rundt borda, for å komme opp med gode innspel i vegen vidare. Og dette resulterte i nye arbeidsgrupper for vidare arbeid for både økt markedsføring av bygda, og for å kartlegge bustadsmulegheitene. Fleire tomter vart lokalisert for dei som kunne tenkt seg dette, og vil etter kvart bli presentert når resten av arbeidet kjem i gang.
Om du ikkje var på møtet, men absolutt kunne tenkt deg å være med er det plass til enda fleire i begge gruppene!