Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
I rute til skulestart

I rute til skulestart

Elinor Bolme Laurdag 11. august 2012

Måndag 20. august er det klart for skulestart ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter for rundt 80 elevar og 12 tilsette. Vi har vore på skulens område for å sjå om dei er i rute til denne merkedagen for både todalingar, kvennalandingar og stangvikgardingar. Einingsleiar Bjørn E Høivik bekreftar til todalen.no at dei er i rute. Det står igjen litt både ute og inne, men det er mykje mannskap i sving og det er optimismen som rår, fortel han i ein epost til oss.

Det er kome opp gjerde mot barnehagen, og det kjem grind for eventuelt å skilje av heilt. Utearealet til skulen blir ikkje utvida, men barnehageområdet blir ope for skuleelevane når det er friminutt og barnehagen ikkje er ute. Likedan får barnehagen benytte seg av skulens område når elevane har time.  Høivik presiserer at dette er spørsmål om samarbeid og timing.

Uteområdet ved Todalen Oppvekstsenter har dei siste åra vorte litt oppgradert med ballbinge, leikehaug og  eit nytt klatrestativ, men om dette , pluss dissene er tilstrekkeg til å aktivere rundt 80 elevar frå 6 til 13 år er vel  litt usikkert. Einingsleiaren fortel at dei velger å starte opp slik det er for å sjå korleis ting verkar, men det kan nok bli snakk om å skaffe litt meir leikeutstyr.

Torsdag 16. august kl 18 inviterer FAU ved både Todalen og Stangvik Oppvekstsenter til Bli-kjent-kveld for alle dei innvolverte partane til skuleåret 2012/13. I invitasjonen frå FAU som vart sendt ut no før helga hadde det sneke seg inn ein feil angående dato, og sekretær for FAU (les: underteikna) tek all skulda for dette.

Her kan du sjå invitasjonen: Bli-kjent-dag . Denne skal være riktig!

Nedanfor er ein del bilder frå Oppvekstsentret sitt uteområde. Alle foto: ElinorB

Først publisert: 11. august 2012, 15:00 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:51