Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I rute til jul?

Elinor Bolme Laurdag 22. desember 2018

Kassadame Marit Tørset hadde full kontroll bak spakene på Matkroken i dag, da det var ganske så stille på inne i butikken på midt på dagen. Når ein såg på kundane, så kunne ein kanskje tenkje seg til at det no er siste innspurt i heimane rundt om før julefreden senkar seg hos dei aller fleste. Utan å ønske om å fornærme nokon for det…

Terje Nordvik var ikkje imponert over julehandelen så langt, men med to åpningsdagar til før det blir julestengt, så vil det forhåpentleg rette seg noko. -I morgon er det utvida kioskope frå 14-18, så da er det rå å få gjort unna både til frokost- og middagsservering, fortel han. Og om ikkje alle sju slaga er i boks, så har Johansen Bakeri på Sunndal levert rikeleg med ulike sortar i hyllene på Matkroken enno.

I Jostua var dei ute på hasteinnkjøp da husfrua sine billeglys hadde tatt kvelden kunne ein oppgitt Ola fortelje. Men med eit utvalg utover normalen hos handelsmann Terje kunne dei to utsendte karene puste letta ut og velgje og vrake i julelysreolen på bakrommet og spare seg for ein surnadalstur.

Åpningstidene i julehelga på Matkroken:

  • Søndag 23.12: Langkiosk 14-18
  • Måndag 24.12: 9-13
  • Tirsdag 1. juledag stengt
  • Onsdag 2. juledag Kiosk 16-18
  • Torsdag 3. juledag 10-16
  • Fredag 4. juledag 10-16
  • Laurdag 5. juledag 10-16
  • Søndag 6. juledag Kiosk 16-18
  • Måndag nyttårsaften 9.30-14
  • Tirsdag 1. nyttårsdag stengt

 

Publisert: 22. desember 2018, 19:06