Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I natt stiller vi klokka

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mars 2014

Frå i natt er det sommartid igjen! Da stilles klokka ein time fram, fra kl 02 til kl 03. Dermed blir søndagen ein time kortare enn dei andre dagane, men har du behov for å sove meir, kan du enten legge deg ein time tidlegare eller ligge ein time lenger. Ein gylden regel for å stille om til og frå sommartid er at du alltid stiller klokka mot sommaren.

Wikipedia finn du meir info om sommartid og historia attafor: «Sommartid er den del av året der klokka blir stilt fram ein time i forhold til normaltid. Fleire land har innført dette for å utnytte dei lyse delane av døgnet.Sommartid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje tatt i bruk før første verdskrig; Tyskland var først ute i 1916, og deretter følgde Storbritannia. Tanken var å utnytte betre sommarmånadene med lys ein time ekstra om kvelden, og minske energibruken. Energisparing betydde mindre i dei industrialiserte landa i seinare tid, men kan få ny betydning under truslane om klimaskifte. Sommartid vert nytta i dei tempererte stroka i verda, i tropane varierer dagen så lite at det er lite praktisk der.»

 

Publisert: 29. mars 2014, 11:16