Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
I festivalstemning?

I festivalstemning?

Elinor Bolme Fredag 21. juni 2013

Da er alt klart for den 14. laksfestivalen i Surnadal. Norsk Laksefestival har til årets åpning fått seg nye nettsider, der ein finn det meste om festivalen, frå 2000 til i dag. Festivalen starta allerede i går, med Thomas Tivoli, fisking på Glønavatnet, Villakskonferanse leda av Vegard Heggem og åpning av kunstutstilling.

Årets festivalkunstnar er Jon Arne Mogstad. Han er født og oppvokst i Surnadal, og er ein norsk billedkunstnar og professor i billedkunst ved Kunstakademiet i Trondheim. Martnadsgata og tivoliet er ope kvar dag heile helga.

Sjå heile programmet her: program2013

Ellers er nok for mange høgdepunkta festlegheitene på utescena i kveld når «Surnadals hyllest til Pink Floyd» går på scena, eller i morgon kveld når både Return og Bonny Tyler spelar opp til fest.

Sjå www.norsklaksefestival.no for enda meir info.

Først publisert: 21. juni 2013, 06:00 - Sist oppdatert: 20. juni 2013, 21:11