Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I aksjon på SILregn Cup

Elinor Bolme Sundag 10. juni 2018

I dag var 54 lokale fotballag samla på Syltøran stadion til årets SIL regncup og Dråkongcup 2018. Surnadal IL har lagt tilrette for at jentelaga skal kunne møte lik motstand, og arrangerer derfor rein jenteturnering. I år med 22 påmeldte lag. Den tradisjonelle SILregncupen er for gutte- eller blandalag. Her var det 32 deltakande lag. 

Todalen IL stilte med to lag i knøtteklassen. Dei yngste og aller ferskaste spelarane spela 3’er, medan dei litt eldre og meir erfarne spela 5’er. Resultata er ikkje det viktigaste slike dagar, så dei spurte vi ikkje om. Men som de ser av enkelte bilder er det fotballgleda som er viktigast.

På 3’er banen er det full gass som de ser. Todalingane klarerer og er nok klare for ei rask kontring. Dei hadde forsterkningar frå ein ung kvennalanding som gjennom sesongen har trena i lag med gjengen.

Ådne, Anders, Lars Ailo og Niclas er strålande fornøgd med tre gjennomførte kampar i sin cupdebut! Foto: Ola Dalsegg.

Hos dei litt eldre var det også full gass. Her har Rindal fått seg eit frispark og gjengen stiller opp i mur. Og mål vart det ikkje.

Gutane Jens Sancho og Trygve Aleksander har lang erfaring i fotballgamet, og tek ansvar ved avspark.

For fleire bilder av lokale deltakarar frå turneringa kan vi også anbefale Trollheimsporten sin reportasje: Fotballglede på SILregncup

Publisert: 10. juni 2018, 18:59