Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hustra St. Hans-feiring

Hustra St. Hans-feiring

Elinor Bolme Torsdag 23. juni 2011

Vergudane viste seg ikkje akkurat frå si beste side under arrangementet av St Hans feiringa på Bordholmenno i kveld. Litt nedbør og sur vind gjorde nok sitt til at ikkje så mange tok turen nedover til fellesarrangementet som Idrettslaget stod for. Dei held varme grillar, medan dei oppmøtte orda med grillmaten sin sjølv. I kiosken var Svein og Karen med nystekte bakels med smørgraut.

Bål var det ikkje der, men Terje Nordvik hadde stabla opp eit på Todalsøra som skulle oppfyrast kl 20.

Nokre ungdomar tok seg ein snartur på grilling òg.

Ikkje mange som klarte å sitte såpass lengje at dei makta å ete noko store porsjonar, men denne gjengen ser nå ut som om dei kosar seg reint så mykje.

Godt å verme seg på grillane i eit litt hustre vèr.

Fotballsjef Bjørn Hauglann har gått til innkjøp til enda fleire trøbilar. Noko ungane set stor pris på. 1. bil, Ola og Markus Bolme, 2. bil Emma Sæther og Marit Ingeborg Ansnes, 3. bil med sjåfør Steinar Gjeldnes. Fartsfantom Bror Sæther framom.

Publisert: 23. juni 2011, 21:47