Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Huset med det rare i…

Huset med det rare i…

Jon Olav Ørsal Sundag 7. april 2013

Ein plakat på ein mjølkerampe på E39 gjennom Valsøyfjorden gjorde oss nysgjerrig nok til å svinge av riksvegen og sette kursen mot Valsøybotn. Botnbua var målet og antikkhandelen som no foregår i lokala til den gamle Botnabua. I gamle dagar var det P.E. Botten som dreiv med daglegvarehandel her, og det var slik verksemd her sinast for 3-4 år sia. No er det omsider ny verksemd i lokala, og det har gjort at det på ny er liv og røre i dei gamle butikklokala. No er det brukthandel som foregår, og i tillegg er det eit av romma bruka til kaffekrok – ein sosial treff plass både for lokalbefolkninga og tilreisande som stikk innom. Opningstida er kvar laurdag og søndag frå kl 12 – 15.

Det er Inge Pettersen som driv brukthandelen. Han har i ei årrekkje drive brukthandel og auksjonsverksemd i Molderegionen, men med kone frå Valsøybotn og ledige lokale på Botnbua, såg han mulegheita for å få til litt liv og røre i dei gamle butikklokala. Overalt i dei gamle butikklokala er det fullt med ting og tang, og det var fullt av folk som studerte vareutvalet med stor interesse. For den som har interesse av gamle ting og aktikvitetar er denne brukthandelen så absolutt verdt eit besøk. Bilda nedafor får gi eit  inntrykk av kva som finns i vareutvalet.

Inge er opprinneleg frå Ramsund, som ligg i Tjeldsund kommune i Nordland. Han har imidlertid bodd nærare 50 år i Molde, men har framleis ein markant nordlansaksent når han legg ut om verksemda si. Han er autorisert skraphandlar og auksjonarius, og eit av måla hans er å få til ein skikkeleg brukt- og antikkauksjon i Halsaregionen i løpet av sommaren. Om den blir i Valsøybotn, eller om det blir ein anna plass i kommunen veit han ikkje enno, men den skal bli skikkeleg kunngjort fortsett han ivrig.

Ein anna viktig funksjon for verksemda på Botnabua er som sagt den sosiale kaffekroken i naborommet til butikken. Her dufta det av nysteikte vaflar og kaffe, og for ein femtilapp får du ei ei vaffelplate med tilhørande utstyr og kaffe med påfyll. Dette har vorte ein verdifull treffplass for lokalbefolkninga på staden, der dei kan treffe naboen og høre siste nytt, og kanskje nokre av verdsproblema og kan finne si løysing.

Sjå bilda frå Botnabua i galleriet nedafor, og ta gjerne turen innom – det er det verdt!    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. april 2013, 09:05