Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Husbysetrene i Romådalen del 2

Ingri og Ragnhild i scannarpatrulja Sundag 17. mai 2020

Bileta vi har plukka frå fotoarkivet til Todalen historielag denne gongen er frå Husbysetrene som ligg i Romådalen, om lag midt imellom Ytre- og Indre Halasetrene. I boka Seterbok for Todalen, skrive av Bernt Bøe, frå side 123 til og med side 138 kan du lesa historia om setrene som høyrer Husbygardane til. Boka kan kjøpast ved å ta kontakt med Todalen historielag

Vi vil gjerne ha innspel, så vi kan korrigere om du ser faktafeil, eller har andre opplysningar i samband med bileta.

Vi kan gjerne kontaktast på e-post:

ragnhild.ansnes.moe@pipelife.com    ingri.bruset@gmail.com

Vi har ikkje skanna bilete etter at Koronapandemien og restriksjonane i samband med den vart sette i verk. Vi håpar å kunne starte opp att så snart smittefaren tillet det. Vi ser fram til å kunne halde fram med å fylle på fotoarkivet med enda fleire bilete.

Helsing Ragnhild og Ingri.

 

Først publisert: 17. mai 2020, 21:24 - Sist oppdatert: 23. mai 2020, 19:28