Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hus til sals: Todalsøra 78 – Solberget

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 4. juli 2020

Då kjem det hus for sal i Todalen. Denne gongen er det Todalsøra 78, eller betre kjent som Solberget (Gnr.: 145 – Bnr.: 8 og 33)  som kjem for sal. Solberget ligg like ved Todalsfjorden på Todalsøra. Avstand til butikk ca. 2 kilometer, til barnehage/skule ca. 2,5 kilometer og til kommunesenteret ca. 25 kilometer

Tomta er på ca. 1000 m2 og har 4 bygningar inkludert dobbelgarasje. Opparbeidd uteområde på heile eigedomen. Bygningane på eigedomen er:

  • Hus (140 m2) som inneheld:
    • Støypt krypkjellar
    • 1. etg.: Hovudetasje med:
      • Kjøkken med spisestue
      • Vindfang
      • Gang
      • WC/bad
      • Vaskerom med eigen utgang til tørkestativ
      • Stue
    • 2. etg.: Loft med:
      • 4 soverom
      • Stor gang
      • Veranda med utgang frå loft-gang
    • 3. etg.: Mørkeloft med vindauge
      • Dobbelgarasje med ute-kjøkken/hage-stue og stor platt.
      • Murhus
      • Skott/bod

I tillegg er det ein stor platt med støypt grill på oversida av huset. 

Skott og uthussom høyrer til eigedomen. Foto: BGA

Dobbel garasje og hagestue/utekjøkken. Foto: BGA

For nærare informasjon og eventuell visning ta kontakt med Ingrid Pedersen på telefon 930 83 991.

Publisert: 4. juli 2020, 21:32