Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hus til salgs i Brusetmarka

Hus til salgs i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Sundag 15. juli 2012

Det er ikkje kvar dag det er hus til salgs i Todalen, men akkurat no er det faktisk eit som er annonsert. Det er Bjørli, som ligg ved Bjøråa i Brusetmarka, som no er lagt ut for salg med ei prisantyding på kr 480.000. Husa er bygd i 1947, på sjølveigartomt på 1400 m2, og har eit bruttoareal på 224 m2. Huset har 2 etasjar og kjellar, og i tillegg er det uthus/garasje.

I 1. etasje er det 2 stuer, kjøkken, bad og bod. I 2. etsjae er det 4 soverom og bad. Kjellaren har 6 boder. Det finnst takstrapport på huset, og det kan avtalast visning med advokat Inger Grete Lundemo på telefon 71 66 00 00.

Du finn annonsen og fleire opplysningar på FINN.NO ved å klikke på linken.

Publisert: 15. juli 2012, 21:03