Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hundre prosent oppmøte!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. april 2017

Anders Gjeldnes delte ut fine bøker til seksåringane. Fremst frå venstre: Fredrik, Trym, Nathalie Astrid, Jakob, Lisa. Bak frå venstre: Torbjørn Brøske og Anders Gjeldnes. Foto: Dordi J H

Søndag 2. april var det utdeling av «Mi kyrkjebok» til 6-åringane i Todalen sokn. Alle dei fem seksåringane var møtte fram for å ta imot boka si – altså 100 % oppmøte, det tykte Torbjørn prest var riktig kjekt. Det kom fram at ikkje alle dei fem var seks år riktig enno,  det vart litt diskusjon om dette, men heldigvis vart ungar og prest einige om at alle vart seks år før det lei til jul, og da måtte dei sjølvsagt få bok. Anders Gjeldnes frå Todalen sokneråd delte ut bøkene, og alle ungane takka fint.

Presten heldt preike i lag med ungane som følgde godt med og var flinke til å svare. Foto: Dordi J H

Maria bodskapsdag

Sjølv om det no er fastetid, så stilte presten i kvit stola og henta teksta for preika frå Lukasevangeliet kapittel 1; dette for å feire Maria boksapsdag i lag med kyrkjelyden i  Todalen. Presten sette seg på ein stol i kordøra og samla ungane rundt seg. Han sa mellom anna at Maria var ei snill og god mor, og at ho lærte sonen sin, Jesus, å vere snill med barna og at det er ekstra viktig å ta godt vare på dei som er sjuke, blir erta eller mobba. Presten las vers frå Bibelen, og da kommenterte ein av ungane dette slik: «Han Jesus måtte vere flink til å rime!» Presten samtala med seksåringane, og dei svara heilt «perfekt» på spørsmåla dei fekk. «E må sei di ha vårre sver!» – slik avslutta presten stunda i lag med ungane.

Presten fortalde om at Jesus tok i mot barna. Foto: Dordi J H

I seksårsboka er det både forteljingar, songar og bøner, og ungane vil bli inviterte til kyrkja ein kveld seinare for å bli betre kjende med boka. Men alt under gudstenesta vart to av songane i boka sunge: «Dine hender er fulle av blomster» og «Må din vei komme deg i møte».

Takkofferet gjekk til Kirkens Nødhjelp, og tysdag 4. april kjem konfirmantar og soknerådsmedlemer rundt i bygda for å samle inn pengar til støtte for fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp.

 Konfirmant Kristian var dyktig medhjelpar i kyrkja i dag. Foto: Dordi J H

Veteranar

Dagens gudsteneste vart leia av «veteranar». Torbjørn Brøske var prest, Bernt Bøe organist og Gudmund Husby klokkar. Dei i lag med seksåringar og konfirmant laga ei givande, triveleg og god stund i Todalen kyrkje.

Neste gudsteneste er langfredag kl. 19.30.

Gudmund Husby stilte som klokkar. Foto: Dordi J H

Fin kontakt og god dialog mellom prest og ungar. Foto: Dordi J H

Publisert: 3. april 2017, 00:06