Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Om Todalen

Om Todalen

Velkomen til Todalen!

Todalen ligg i den søraustlege delen av Surnadal kommune på Nordmøre. Bygda ligg ved enden av RV 671 og avstand frå Trondheim er ca 15 mil og frå Kristiansund ca 12 mil.

Frå Todalsfjorden, der Toåa munnar ut, stig dalen opp mot Trollheimen og fjellgarden Kårvatn der vegen endar.

Ein stor del av fjellområdet ligg innafor Trollheimen landskapsvernområde, og vi har mye fin natur å by på.

I Todalen er vi omkring 350 innbyggarar, og næringslivet er tufta på treindustri og eit aktivt landbruk.

Utsikt over Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 24. august 2009, 13:34 - Sist oppdatert: 14. oktober 2009, 11:10