Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hopp og sprett på stive fota….

Jon Olav Ørsal Lørdag 13. mai 2017

Torsdag ettermiddag starta Viastukyrne sommarsesongen, og det vart jammen maykje hopp og sprett på stive fota.  Det var nok godt å kome ut i sola og dufta av nygrøå etter 9 månader i fjsøset. Rett nok har dei ikkje stått på bås, for Ola Kvendset har investerti nytt moderne fjøs for lausdrift og med mjølkerobot for nokre år sia.

Litt komp om kven som skal være sjef i sommar? Foto: Jon Olav Ørsal

I dag hadde han rigga til med benkar og kaffeservering, og det var etter kvart mange som dukka opp for å sjå dei vårkåte kyrnes første luftetur. Og kyrne var ikkje tunge å be – når Ola opna hovuddøra ut frå fjøset, så tok det ikkje mange minutta før heile hopen var komne ut på plassen. Og da var det både kappløp og litt knuffing, men det meste var nok vennskapelege øvelsar. 

Sauene og lamma var også komne ut og kunne nyte finvêret. Mange av borna var nok fasinert av dei fine lamma og det var populær sport å gi kopplamma mjølk frå tåteflaska. Det er nok litt tidleg å sende på fjellbeite, men i løpet av eit par veker meinte kårkallen Gudmund Kvendset at dei kunne sleppast til skogs.

Alle kyrne i Viastua har namn – her er det Jorid som poserer saman med Ola. Foto: Jon Olav Ørsal

Ola ei leiar i Todalen Bondelag, og han likar å informere om korleis matproduksjonen foregår. Difor inviterte han alle som hadde løst til å bli med på vårsleppet og fjøsstellet etterpå. I disse dagar har jordbruksoppgjeret starta, der Norges Bondelag har starta forhandlingane med Staten som motpart.  -Vi som driv matproduksjon er litt spente på korleis tilhøva blir lagt til rette for framtida, sa Ola Kvendset, som er ein av dei som har satsa mange millionar på jordbruket og på sin eigen arbeidsplass. 

Vi har laget et bildegalleri av dyrene og folket som deltok på vårslippet i Viastia.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 13. mai 2017, 05:00 - Sist oppdatert: 12. mai 2017, 22:08