Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hønhalsen – status i morgontimane…

Jon Olav Ørsal Sundag 8. juni 2014

Det store spørsmålet er sjølvsagt om den er gått av, og høna delt i to?  Ein kjapp fotorunde i morgontimane avslørte at den «heng i ein tynn tråd» enno, men det skal ikkje mykje til før den er er ferdig for i år. Det er tidleg, men om det er rekordtidleg veit ikkje vi. I eit normalår skjer nok dette rundt St. Hans-tida, men det varierer sjølvsagt frå år til år med både snømengde, vêrtilhøve og ikkje minst temperatur.

I 2013 var datoen 14. juni, altså ei veke seinare, medan 2012 var på det aller seinaste og da var datoen 13. juli.  No går iallfall an å finne fram badebuksa, for når Hønhalsen er gått av er det klart for å starte badesesongen. Mange har nok alt tjuvstarta sesongen i år, men det er ei anna sak!

 

 

Publisert: 8. juni 2014, 09:36