Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Høgsesong for fjellturismen

Høgsesong for fjellturismen

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juli 2012

Frå månadsskiftet juli/august og et par veker framover har fjellturistane sin travlaste sesong. Da er sommaren komen for fullt i fjellet, og mange skal nytte høvet til å kome seg til fjells før dei atter blir henta inn av den grå kvardagen og startar på jobb eller studier igjen. Todalen.no tok turen til Kårvatn, som har kvarter for Trondhjems Turistforening med sjølvbetjening i Målastua og Gammelstua. Kårvatn ligg godt plassert i rutenettet til TT, og har trafikk både frå Trollhimshytta i Folldalen, frå Innerdalen og frå Storlidalen.

Sågar frå Gjevilvassdalen kjem det fotturistiar til Kårvatn. Laurdag kom det ein vennegjeng på 9  fra Vassendsetra i Gjevilvassdalen. Dei hadde 9-10 timars marsj attafor seg da dei endeleg kom fram til Kårvatn på tampen av laurdagen. Dei hadde gått via Neådalen, og fekk både skodde og regn på siste del av turen frå neådalen og ned til Kårvatn. Dei kunne fortelje at det no er fint å gå i fjellet, men det er framleis ein del snø i høgda. Snøen er rett nok fonnsett og difor god å gå på, men det fører sjølvsagt til snøsmelting og dermed mykje vassføring i elvar og bekkar. Desse må nok forserast med forsiktigheit når ein har stor oppakning på ryggen.

Gjengen som kom til Kårvatn har gjennom ei årrekkje vore faste gjestar i fjellet og på Kårvatn, fortel Berit Kårvatn som er turistvert på Kårvatn. Ho sørgjer for at turistane på sjølbetjeningskvarteret har alt dei treng av mat og utstyr. Denne gjengen visste ho var i anmarsj, og har difor rysta seg med ingrediensar til det planlagte kalaset med pannekaker med tilhørande bacon og blåbærsyltetøy. Det har nemleg vore fast meny på Kårvatn for denne gjengen, og er derfor ein etablert tradisjon. Vanlegvis brukar dei å plukke blåbær til pannekakene på turen, men i år er nok blåbæra for sein ute, så Berit hadde sikra med innkjøpt blåbærsyltetøy.

Søndag skulle gjengen vidare til Innerdalen. Etter eit solid måltid med pannekaker med tilhøyrande godsaker og ei god natts kvile var dei nok motivert for å fortsette turen, sjølv om tåka og regnvêret ikkje heilt hadde slpt taket søndag morgon. men vêrmeldinga på yr.no lovar betre forhold utover dagen, så med litt flaks vart det kanskje ein solgløtt og panoramautsikt frå Bjøråskaret mot Innerdalsfjella.

På Kårvatn har dei lange tradisjonar med fotturisme i Trollheimen. Heilt sidan 1890-talet har dei teke mot turistar som har overnatta og fått mat og kvile på Kårvatn. På 1980-talet var Målastua restaurert og innreidd til sjølvbetjeningshytte, og seinare er også deler av Gammelstua bruka til utleie. Før den tid var Kårvatn drevet som betjent kvarter, der turistane kunne gå til dekket bord og oppreidd seng.

Fotturistane vart godt mottekne på Kårvatn.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juli 2012, 11:20