Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hjortfesta blir laurdag 27. november

Hjortfesta blir laurdag 27. november

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. november 2010

Det er tid for hjortfest igjen, og laurdag 27. november kl 20 er tida og Todalen Ungdomshus er staden. Todalen idrettslag er arrangør, medan jaktlaga på sørsida av dalen (Bruset/Øya/Ørsal/halset) er vertskap. Festsjef Ståle Ansnes fortel at dei har mykje å by på, og han røpar samtidig menyen, der «årets hjortegryte» er hovudrett. Billettar selges på ICA Todalen, og kostar kr 200 som dekkjer inngangsbillett og mat.

Vidare blir det «lett underhaldning» frå scena og utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron» står sjølvsagt på programmet. Etterpå blir det svingom med gruppa «Norfolk». Telefonkontakt for billettsalget for utabygds er Ståle Ansnes på telefon 901 62 280.  Plakaten for hjortfesta finn du her.

Publisert: 10. november 2010, 23:59