Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortfesta – billettsalget har starta

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2013

Laurdag 7. desember blir det Hjortfest i Todalen ungdomshus. Det er Todalen idrettslag som er arrangør, med Talgø & Kårvatn jaktlag som vertskap. Billettane til festa er lagt ut for salg på Matkroken L.Hals, og det er lurt å sikre seg billett fortel festsjef Ragnar Halle.

Han fortel at dei har mykje godt på menyen denne kvelden. Det blir buffè med varmrett, og kortreist fisk og kjøtt frå Todalsnaturen. Dei kan og by på lett underhaldning og ein svingom med Perikom Light etterpå. Kveldens høgdepunkt er sjølvsagt utdeling av «Den Gyldne Patron», som det er knytta stor spenning til.

Ragnar ønskjer både todalingar og folk i nabobygdene velkomne til Hjortfest. Billetten kostar kr 200, og kan altså kjøpast i kassa på Matkroken. Ragnar Halle er kontaktperson og kan kontaktes på telefon 986 57 743.

Publisert: 13. november 2013, 09:17